Vil du bidra?

Her kan du varsle Frivilligsentralen om du kan bidra som frivillig eller trenger hjelp. Når du har sendt inn info, tar vi kontakt så snart vi kan.

Velkommen til oss

Vi ønskjer at alle mennesker skal få høve til å ta del i eit fellesskap. Å bidra med frivillig innsats er med på å berike livet både for seg sjølv og andre. I Sunnfjord er frivilligsentralane og frisklivsarbeidet samordna under Friskliv- og frivilligsenteret. Førde frivilligsentral har kontor i Firdavegen 12, akkurat no ønskjer vi at du kontaktar oss på telefon 47688025 fordi vi også nyttar heimekontor. Nokre av aktivitetane og tilboda våre må ligge nede i periodar pga smittevernsreklane, men ta gjerne kontakt slik at vi kan registrere deg og kontakte deg når det du ønskjer å bidra med vert aktuelt att.

Aktiviteter

Her finn du litt informasjon om det vi driv med. Nokre av aktivitetane og tilboda våre ligg nede på grunn av smittevernsreglane, men ta gjerne kontakt slik at vi kan registrere deg, når det du ønskjer å bidra med vert aktuelt att kontaktar vi deg.

Kvar onsdag på Førde kyrkjetun lagar Kristin og Norodd til kaffikos saman med frivillige. Kafeen er open for alle kl 10.00 - 12.00 der du får kaffi/te og vaflar for 20,- Velkommen innom.

Les mer

Aktivitetskalendaren er ei oversikt over aktivitetar, og arrangement som finnast i kommunen, du finn den her: www.sunnfjord.friskus.com

Les mer

Mange i Førde har behov for nokon å prate med. Nokon bur på Helsetunet, andre bur heime.

Les mer

Internasjonal matfest i Førdehuset. Vert arrangert ein lørdag i november kvart år i samband med bornas verdsdag. Enkeltpersonar frå ulike land lagar matrettar frå sin nasjon.

Les mer

Kvart år arrangerer vi frisklivsdag for seniorar i Hafstadparken. Då har vi program og sosialt samvær i klubbhuset og aktivitetar ute i det flotte idrettsanlegget. Frisklivsdagen vert arrangert i mai/juni og vert annonsert i Firda via "Det skjer", på kommunen si nettside og på vår Facebookside https://www.facebook.com/fordefrivilligsentral/

Les mer

Førde internasjonale kor er ein møtestad der folk frå ulike nasjonar treff kvarandre i musikalsk fellesskap. Vi syng, men samtalene med nye vener over ein kopp kaffi etter øving er like viktig. Kvar onsdag kl. 18.00 - 19.30 møtast ei stor gruppe i Førdehuset for å synge - og lære kvarandre å kjenne. Alle stemmer er velkomne!

Les mer

Førde Seniorkor er eit opent tilbod for alle over 60 år i Førde kommune. Koret har som mål å vere ein møteplass til fellesskap, glede seg sjølv saman med andre og til glede for andre. Song og fellesskap er viktig for god helse og livskvalitet. Koret har øvingar på Førde Helsetun måndagar kl 10.00 - 11.30. Kom og bli med! Førde seniorkor starta opp i januar 2008 gjennom prosjektet kultur og eldre. Koret har i prosjektperioden vore eit samarbeid mellom Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Førde kommune v/ kultur, pleie- og omsorg, folkehelsekoordinator har i prosjektperioden vore sentral for gjennomføring. Økonomisk har den kulturelle spaserstokken vore sentral. Førde Seniorkor er frå 1.1.2014 eit tiltak i Førde kommune. Førde kommune v/ Førde Helsetun langtidseining og Førde Kulturskule driftar Førde Seniorkor. Samarbeidspartar er Førde Frivilligsentral, folkehelsekoordinator og Førde Seniorkor sitt eige arbeidsutval/ styre. Leiar for seniorkoret: Hans Bruland, telefon: 915 83 161 e-post: hanbrula@online.no

Les mer

I slutten av august arrangerer vi vanlegvis Grill`n Chill. Målet er at ungdommar skal få verte kjent med kva som finnast av aktivitetar i Førdeområdet. Eit mangfall av lag og organisasjoner kjem til Festplassen nedanfor Førdehuset og viser kva dei har å tilby. Her er det grilling, konkurransar, DJ, speaker og mykje gøy. Frå 2020 har vi ikkje kunne gjennomført dette arrangementet pga smittevernsreglar. I staden tilbyr vi gruppe-aktivitetar i skuleferiar og enkelte kveldar innimellom. Informasjon og påmelding: www.sunnfjord.friskus.com

Les mer

Home-Start Familiekontakten vert ytt av frivillige som har gjennomført kurs for familiekontaktar. Dette er eit tilbod for å lette kvardagen for familiar med barn under skulealder. Den frivillige kjem heim til familien 2 - 4 timar i veka over ein periode på ca 6 månader, og avlastar og støttar familien etter behov. Dersom du vil vere frivillig familiekontakt eller ønskjer meir informasjon om tilbodet kan du kontakte Inger Cecilie som er koordinator, ho har telefonnummer 90894788 / 57722000

Les mer

Annankvar torsdag er det internasjonal kafe i 4. etasje på Rødekorsbygget - Langebruvegen 28, Førde. Dette er ein stad der du møter hyggelige mennesker frå ulike delar av verda.

Les mer

Seniornett har mange kurs og aktivitetar for deg som ønsker opplæring i data.

Les mer

Hva skjer

Dato Kl. Tittel Sted
Ingen kommende hendelser

Nyheter

Bli frivillig

Vi treng deg som frivillig og veit at alle kan bidra med noko. Sei i frå her hvis du vil vere frivillig, så tek vi kontakt og finn saman med deg noko du har lyst til å vere med på.

Om oss

Ta kontakt for en prat om kva vi kan gjere for deg og kva du kan gjere for andre.

Sosiale media

2021 © Førde frivilligsentral