Aktivitetskalendar - FRISKUS
Aktivitetskalendaren er ei oversikt over aktivitetar, og arrangement som finnast i kommunen, du finn den her: www.sunnfjord.friskus.comAldersgruppe: For alle
Gå gjerne inn på linken og gjer deg kjent, registrer deg gjerne som medlem utan å forplikte deg til noko. Lag og organisasjonar kan legge seg til som arrangørar og informere om sine tilbod, samt formidle eventuelle behov for frivillige.
Aktivitetskalendaren er gratis for alle lag og organisasjonar i Sunnfjord kommune, det er ikkje reklamebaserte innlegg i kalendaren. Ved spørsmål/hjelp ring til vår risklivskoordinator Camilla Søvig på telefon 47688025 eller send oss ein e-post:
frisklivogfrivilligsenter@sunnfjord.kommune.no
Del på:
-
10 - kaffien, ein uformell møteplass.
Kvar onsdag på Førde kyrkjetun lagar Kristin og Norodd til kaffikos saman med frivillige. Kafeen er open for alle kl 10.00 - 12.00 der du får kaffi/te og vaflar for 20,- Velkommen innom.
-
Besøksvenn / Aktivitetsvenn
Mange i Førde har behov for nokon å prate med. Nokon bur på Helsetunet, andre bur heime.
-
Fargerike Førde
Internasjonal matfest i Førdehuset. Vert arrangert ein lørdag i november kvart år i samband med bornas verdsdag. Enkeltpersonar frå ulike land lagar matrettar frå sin nasjon.
-
Frisklivsdag for seniorar
Kvart år arrangerer vi frisklivsdag for seniorar i Hafstadparken. Då har vi program og sosialt samvær i klubbhuset og aktivitetar ute i det flotte idrettsanlegget. Frisklivsdagen vert arrangert i mai/juni og vert annonsert i Firda via "Det skjer", på kommunen si nettside og på vår Facebookside https://www.facebook.com/fordefrivilligsentral/
-
Førde internasjonale kor
Førde internasjonale kor er ein møtestad der folk frå ulike nasjonar treff kvarandre i musikalsk fellesskap. Vi syng, men samtalene med nye vener over ein kopp kaffi etter øving er like viktig. Kvar onsdag kl. 18.00 - 19.30 møtast ei stor gruppe i Førdehuset for å synge - og lære kvarandre å kjenne. Alle stemmer er velkomne!