Vil du bidra?
Her kan du varsle Frivilligsentralen om du kan bidra som frivillig eller trenger hjelp. Når du har sendt inn info, tar vi kontakt så snart vi kan.
Velkommen til oss
Vi ønskjer at alle mennesker skal få høve til å ta del i eit fellesskap. Å bidra med frivillig innsats er med på å berike livet både for seg sjølv og andre. I Sunnfjord er frivilligsentralane og frisklivsarbeidet samordna under Friskliv- og frivilligsenteret. Førde frivilligsentral har kontor i Firdavegen 12, vi fartar litt rundt så om du ikkje finn oss på kontoret send oss gjerne ein e-post så kontaktar vi deg.
Aktiviteter
Her finn du litt informasjon om det vi driv med. Nokre av aktivitetane og tilboda våre ligg nede på grunn av smittevernsreglane, men ta gjerne kontakt slik at vi kan registrere deg, når det du ønskjer å bidra med vert aktuelt att kontaktar vi deg.
Kvar onsdag på Førde kyrkjetun lagar frivillige til kaffi og vaflar Kafeen er open for alle kl 10.00 - 12.30 der du får kaffi/te og vaflar for 20,- Velkommen innom.
Les merAktivitetskalendaren er ei oversikt over mange aktivitetar og arrangement som finnast. Når du er inne på nettsida vel du Sunnfjord kommune: www.friskus.com
Les merMange i Førde har behov for nokon å prate med. Nokon bur på Førde omsorgssenter eller i omsorgsbustad, andre bur heime.
Les merInternasjonal matfest i Førdehuset vert kvart år arrangert i november i samband med bornas verdsdag. Menneske frå ulike land lagar og sel matrettar frå sin nasjon denne dagen.
Les merKvart år arrangerer vi frisklivsdag for seniorar i Hafstadparken i samarbeid med Pensjonistforbundet Førde. Då har vi program og sosialt samvær i klubbhuset og aktivitetar ute i det flotte idrettsanlegget. Frisklivsdagen vert arrangert i mai/juni og vert annonsert i Firda via "Det skjer", og på kommunen si nettside.
Les merFørde internasjonale kor er ein møtestad der folk frå ulike nasjonar treff kvarandre i musikalsk fellesskap. Vi syng, men samtalene med nye vener over ein kopp kaffi etter øving er like viktig. Frå 5. september 2024 startar vi oppatt koret med ny dirigent! Vi øver kvar torsdag kl. 18.00 for å synge - og lære kvarandre å kjenne. Alle stemmer er velkomne!
Les merFørde Seniorkor er eit opent tilbod for alle seniorar. Koret har som mål å vere ein møteplass til fellesskap, glede seg sjølv saman med andre og til glede for andre. Song og fellesskap er viktig for god helse og livskvalitet. Koret har øvingar på Førde Omsorgssenter Førde seniorkor starta opp i januar 2008 gjennom prosjektet kultur og eldre. Koret har i prosjektperioden vore eit samarbeid mellom kommunen og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Kulturskulen stiller med dirigent og økonomisk har den kulturelle spaserstokken vore sentral. Leiar for seniorkoret: Hans Bruland, telefon: 915 83 161 e-post: hanbrula@online.no
Les merI skuleferiar og på enkeltkveldar arrangerer vi Grill`n Chill. Målet er at ungdommar skal få ha ei god fritid, vere saman med andre og starte nye vennskap. Nokre aktivitetar er opne utan påmelding, medan andre har avgrensa plassar der ein må melde seg på Informasjon og påmelding: www.sunnfjord.friskus.com
Les merHome-Start Familiekontakten vert ytt av frivillige som har gjennomført kurs for familiekontaktar. Dette er eit tilbod for å lette kvardagen for familiar med barn under skulealder. Den frivillige kjem heim til familien 2 - 4 timar i veka over ein periode på ca 6 månader, og avlastar og støttar familien etter behov. Dersom du vil vere frivillig familiekontakt eller ønskjer meir informasjon om tilbodet kan du kontakte Randi Storhaug som er koordinator, ho har e-post randi.storhaug@sunnfjord.kommune.no og telefon 48 23 69 62
Les merAnnankvar torsdag er det internasjonal kafe i 4. etasje på Rødekorsbygget - Langebruvegen 28, Førde. Dette er ein stad der du møter hyggelige mennesker frå ulike delar av verda.
Les merSeniornett har mange kurs og aktivitetar for deg som ønsker opplæring i data.
Les merHva skjer
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Ingen kommende hendelser |