-
10 - kaffien, ein uformell møteplass.
Kvar onsdag på Førde kyrkjetun lagar frivillige til kaffi og vaflar Kafeen er open for alle kl 10.00 - 12.30 der du får kaffi/te og vaflar for 20,- Velkommen innom.
Besøksvenn / Aktivitetsvenn
Mange i Førde har behov for nokon å prate med. Nokon bur på Førde omsorgssenter eller i omsorgsbustad, andre bur heime.Er du sosial og likar å slå av ein prat med kjende og ukjende? Då er vi på jakt etter deg!
Det er opp til deg kor mykje av tida di du vil bruke, kanskje ein gong i månaden eller ein gong i veka?
I Førde er det fleire som organiserer denne type teneste:
Besøksvenn, Førde Røde Kors: Tlf 57822666 / 90780188
Besøksvenn, Førde Kyrkje: Tlf 57828180
Aktivitetsvenn for personer med demens, Nasjonalforening for folkehelsen - lokal leiar: tlf 91389744 / Friskliv og frivilligsenter: tlf 47688025 eller Kari på telefon 48110920
Ta kontakt så kjem vi fram til noko i fellesskap:)
Del på:
-
Aktivitetskalendar
Førde frivilligsentral sine aktivitetar finn du i Aktivitetskalendaren https://sunnfjordkalender.no/organizer/friskliv-og-frivilligsenteret-13671
-
Aktivitetskalendar - FRISKUS
Aktivitetskalendaren er ei oversikt over mange aktivitetar og arrangement som finnast. Når du er inne på nettsida vel du Sunnfjord kommune: www.friskus.com
-
BUA utstyrssentral
BUA utstyrssentral ligg lokala til Prestebøen 8 Gaular frivilligsentral har hovudansvar for drift av BUA, men sentralen ligg fysisk i Førde så vi hjelper til når det trengs. Vi vil gjerne ha fleire frivillige til å hjelpe, særlig i vintersesongen.
-
Fargerike Førde - Internasjonal matfestival
Internasjonal matfest i Førdehuset vert kvart år arrangert i november i samband med bornas verdsdag. Menneske frå ulike land lagar og sel matrettar frå sin nasjon denne dagen.