10 - kaffien, ein uformell møteplass. Kvar onsdag på Førde kyrkjetun lagar Kristin og Norodd til kaffikos saman med frivillige. Kafeen er open for alle kl 10.00 - 12.00 der du får kaffi/te og vaflar for 20,- Velkommen innom.
Aktivitetskalendar - FRISKUS Aktivitetskalendaren er ei oversikt over mange aktivitetar og arrangement som finnast. Når du er inne på nettsida vel du Sunnfjord kommune: www.friskus.com
Besøksvenn / Aktivitetsvenn Mange i Førde har behov for nokon å prate med. Nokon bur på Helsetunet, andre bur heime.
Fargerike Førde Internasjonal matfest i Førdehuset. Vert arrangert ein lørdag i november kvart år i samband med bornas verdsdag. Enkeltpersonar frå ulike land lagar matrettar frå sin nasjon.
Frisklivsdag for seniorar Kvart år arrangerer vi frisklivsdag for seniorar i Hafstadparken. Då har vi program og sosialt samvær i klubbhuset og aktivitetar ute i det flotte idrettsanlegget. Frisklivsdagen vert arrangert i mai/juni og vert annonsert i Firda via "Det skjer", på kommunen si nettside og på vår Facebookside https://www.facebook.com/fordefrivilligsentral/
Førde internasjonale kor Førde internasjonale kor er ein møtestad der folk frå ulike nasjonar treff kvarandre i musikalsk fellesskap. Vi syng, men samtalene med nye vener over ein kopp kaffi etter øving er like viktig. Kvar torsdag kl. 17.00 møtast dei i Førdehuset for å synge - og lære kvarandre å kjenne. Alle stemmer er velkomne! For tida er koret utan dirigent og har dermed tatt pause, det vert arbeidd med å rektuttere ny dirigent til koret
Førde seniorkor Førde Seniorkor er eit opent tilbod for alle over 60 år i Førde kommune. Koret har som mål å vere ein møteplass til fellesskap, glede seg sjølv saman med andre og til glede for andre. Song og fellesskap er viktig for god helse og livskvalitet. Koret har øvingar på Førde Helsetun tysdagar kl 10.00 - 11.30. Kom og bli med! Førde seniorkor starta opp i januar 2008 gjennom prosjektet kultur og eldre. Koret har i prosjektperioden vore eit samarbeid mellom Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Førde kommune v/ kultur, pleie- og omsorg, folkehelsekoordinator har i prosjektperioden vore sentral for gjennomføring. Økonomisk har den kulturelle spaserstokken vore sentral. Førde Seniorkor er frå 1.1.2014 eit tiltak i Førde kommune. Førde kommune v/ Førde Helsetun langtidseining og Førde Kulturskule driftar Førde Seniorkor. Samarbeidspartar er Førde Frivilligsentral, folkehelsekoordinator og Førde Seniorkor sitt eige arbeidsutval/ styre. Leiar for seniorkoret: Hans Bruland, telefon: 915 83 161 e-post: hanbrula@online.no
Grill`n Chill I skuleferiar og på enkeltkveldar arrangerer vi Grill`n Chill. Målet er at ungdommar skal få ha ei god fritid, vere saman med andre og starte nye vennskap. Nokre aktivitetar er opne utan påmelding, medan andre har avgrensa plassar der ein må melde seg på Informasjon og påmelding: www.sunnfjord.friskus.com
Home-Start Familiekontakten Home-Start Familiekontakten vert ytt av frivillige som har gjennomført kurs for familiekontaktar. Dette er eit tilbod for å lette kvardagen for familiar med barn under skulealder. Den frivillige kjem heim til familien 2 - 4 timar i veka over ein periode på ca 6 månader, og avlastar og støttar familien etter behov. Dersom du vil vere frivillig familiekontakt eller ønskjer meir informasjon om tilbodet kan du kontakte Inger Cecilie som er koordinator, ho har telefonnummer 90894788 / 57722000
Internasjonal kafe og handarbeidsgruppe Annankvar torsdag er det internasjonal kafe i 4. etasje på Rødekorsbygget - Langebruvegen 28, Førde. Dette er ein stad der du møter hyggelige mennesker frå ulike delar av verda.
SeniorSurf - Digital Festival SeniorSurf er eit landsdekkande IT-arrangement for seniorar (55+) som ønsker å lære meir om data og Internett. Siste åra har SeniorSurf vorte kalla Digital Festival Denne dagen vert arrangert kvar haust, har ulike digitale tema frå år, og har eit samarbeid med Seniornett og Førde bibliotek.
Tur i terrenget Kvar torsdag mellom påske og haustferie inviterer vi til tur i terrenget. Dersom du vil vere med møter du opp klokka 12.00 utanfor vårt kontor i Firdavegen 12. Der fyller vi opp 9-setaren vår og kjører samla. Det hender at nokon nyttar privatbil i tillegg dersom det vert mange med. Vi er attende ca kl 14.00 - 14 - 30. Vinterstid har vi truger til utlån. Turen går heile året unnatatt i jula, i påska og i juli månad.