-
10 - kaffien, ein uformell møteplass.
Kvar onsdag på Førde kyrkjetun lagar Kristin og Norodd til kaffikos saman med frivillige. Kafeen er open for alle kl 10.00 - 12.00 der du får kaffi/te og vaflar for 20,- Velkommen innom.
Treng du hjelp til å kjøre vekk søppel? (Avlyst)
Skal du rydde i boder og garasje? Førde ressurssenter si utegruppe kjører vekk søppel til deg. Dei kan komme heim til deg og fylle opp bilen og kjøre til Hesjedalen for 500,- (inkl. bossavgift, grivstoff, arbeid). Du kan ringe utegruppa på telefon 99088774 og gjere avtale om du vil nytte deg av dette.Del på:
-
Aktivitetskalendar - FRISKUS
Aktivitetskalendaren er ei oversikt over mange aktivitetar og arrangement som finnast. Når du er inne på nettsida vel du Sunnfjord kommune: www.friskus.com
-
Besøksvenn / Aktivitetsvenn
Mange i Førde har behov for nokon å prate med. Nokon bur på Helsetunet, andre bur heime.
-
Fargerike Førde
Internasjonal matfest i Førdehuset. Vert arrangert ein lørdag i november kvart år i samband med bornas verdsdag. Enkeltpersonar frå ulike land lagar matrettar frå sin nasjon.
-
Frisklivsdag for seniorar
Kvart år arrangerer vi frisklivsdag for seniorar i Hafstadparken. Då har vi program og sosialt samvær i klubbhuset og aktivitetar ute i det flotte idrettsanlegget. Frisklivsdagen vert arrangert i mai/juni og vert annonsert i Firda via "Det skjer", på kommunen si nettside og på vår Facebookside https://www.facebook.com/fordefrivilligsentral/