Julaftan

Aldersgruppe: For alle


Frivilligsentralen Førde, Den Norske Kyrkje og Førde kommune ved Folkehelsa arrangerar kvart år Julaftan i Førde Kyrkjetun for alle som ønsker nokon å feire jul saman med.

Det vert servert tradisjonell norsk julemat med pinnekjøtt, riskrem, moltekrem, kaffi og julekaker. I tillegg er det ein gryterett for dei som ønskjer alternativ til pinnekjøtt. Det vert litt program med julesongar, musikk og anna underhaldning. Det vert òg små gåver.


Julaftan er ope for alle. Om du er åleine, har familie, er gamal eller ung, så er alle velkomne til å vere med denne kvelden.  

Arrangementet startar klokka 17.00, så dei som ynskjer det har høve til å vere med på andakta i kyrkja først.


Har du lyst å delta eller ynskjer du å vere med som frivillig hjelpar – ta kontakt!

Frivilligsentralen Førde:            47 68 80 25
Førde Kyrkjekontor:           57 82 81 80

 481408_10151127796332820_1862592765_n

2024 © Førde frivilligsentral