-
10 - kaffien, ein uformell møteplass.
Kvar onsdag på Førde kyrkjetun lagar Kristin og Norodd til kaffikos saman med frivillige. Kafeen er open for alle kl 10.00 - 12.00 der du får kaffi/te og vaflar for 20,- Velkommen innom.
Besøksvenn / Aktivitetsvenn
Mange i Førde har behov for nokon å prate med. Nokon bur på Helsetunet, andre bur heime.Er du sosial og likar å slå av ein prat med kjende og ukjende? Då er vi på jakt etter deg!
Det er opp til deg kor mykje av tida di du vil bruke, kanskje ein gong i månaden eller ein gong i veka?
I Førde er det fleire som organiserer denne type teneste:
Besøksvenn, Førde Røde Kors: Tlf 57822666 / 90780188
Besøksvenn, Førde Kyrkje: Tlf 57828180
Aktivitetsvenn for personer med demens, Nasjonalforening for folkehelsen - lokal leiar: tlf 91389744 / Friskliv og frivilligsenter: tlf 47688025
Ta kontakt så kjem vi fram til noko i fellesskap:)
Del på:
-
Aktivitetskalendar - FRISKUS
Aktivitetskalendaren er ei oversikt over mange aktivitetar og arrangement som finnast. Når du er inne på nettsida vel du Sunnfjord kommune: www.friskus.com
-
Fargerike Førde
Internasjonal matfest i Førdehuset. Vert arrangert ein lørdag i november kvart år i samband med bornas verdsdag. Enkeltpersonar frå ulike land lagar matrettar frå sin nasjon.
-
Frisklivsdag for seniorar
Kvart år arrangerer vi frisklivsdag for seniorar i Hafstadparken. Då har vi program og sosialt samvær i klubbhuset og aktivitetar ute i det flotte idrettsanlegget. Frisklivsdagen vert arrangert i mai/juni og vert annonsert i Firda via "Det skjer", på kommunen si nettside og på vår Facebookside https://www.facebook.com/fordefrivilligsentral/
-
Førde internasjonale kor
Førde internasjonale kor er ein møtestad der folk frå ulike nasjonar treff kvarandre i musikalsk fellesskap. Vi syng, men samtalene med nye vener over ein kopp kaffi etter øving er like viktig. Kvar torsdag kl. 17.00 møtast dei i Førdehuset for å synge - og lære kvarandre å kjenne. Alle stemmer er velkomne! For tida er koret utan dirigent og har dermed tatt pause, det vert arbeidd med å rektuttere ny dirigent til koret