-
10 - kaffien, ein uformell møteplass.
Kvar onsdag på Førde kyrkjetun lagar frivillige til kaffi og vaflar Kafeen er open for alle kl 10.00 - 12.30 der du får kaffi/te og vaflar for 20,- Velkommen innom.
Førde internasjonale kor
Førde internasjonale kor er ein møtestad der folk frå ulike nasjonar treff kvarandre i musikalsk fellesskap. Vi syng, men samtalene med nye vener over ein kopp kaffi etter øving er like viktig. Frå 5. september 2024 startar vi oppatt koret med ny dirigent! Vi øver kvar torsdag kl. 18.00 for å synge - og lære kvarandre å kjenne. Alle stemmer er velkomne!Del på:
-
Aktivitetskalendar
Førde frivilligsentral sine aktivitetar finn du i Aktivitetskalendaren https://sunnfjordkalender.no/organizer/friskliv-og-frivilligsenteret-13671
-
Aktivitetskalendar - FRISKUS
Aktivitetskalendaren er ei oversikt over mange aktivitetar og arrangement som finnast. Når du er inne på nettsida vel du Sunnfjord kommune: www.friskus.com
-
Besøksvenn / Aktivitetsvenn
Mange i Førde har behov for nokon å prate med. Nokon bur på Førde omsorgssenter eller i omsorgsbustad, andre bur heime.
-
BUA utstyrssentral
BUA utstyrssentral ligg lokala til Prestebøen 8 Gaular frivilligsentral har hovudansvar for drift av BUA, men sentralen ligg fysisk i Førde så vi hjelper til når det trengs. Vi vil gjerne ha fleire frivillige til å hjelpe, særlig i vintersesongen.