-
Bli frivillig?
Bli frivillig?
Har du litt tid til overs?
Ønskjer du å oppleve gleda ved å gje av di tid og engasjement?
Har du lyst til å hjelpe andre?
Er du engasjert?
Kven kan vere frivillig?
Du som vil bruke di fritid til å hjelpe andre.
Du som har blitt pensjonist og synes dagane blir litt lange.
Du som er ung og vil auke di livserfaring gjennom kontakt med andre menneske.
Du som er arbeidssøkar og ønskjer å gjere noko positivt i ei vanskeleg jobbsøkingstid.
Du som ønsker å være medmenneske.
Eksempler på oppgåver kan være: Telefonkontakt, turvenn, besøksvenn, butikkvenn, kinovenn.
Praktiske oppgaver som; Snømåking, hagestell, handling eller liknande. Halde kurs, starte ei sjølvhjelpsgruppe. Rådgjevingsteneste – har du eit yrke eller ein hobby som kan være nyttig for andre? Leksehjelp, reservebesteforeldre/barnevakt og mykje, mykje meir.
Vi gir deg gjerne ein attest hvis du har jobba som frivillig.
Kva vert forventa av deg?
Kor mykje tid du vil bruke og kva du ønsker å bidra med bestemmer du sjølv.
Du inngår ingen langsiktig avtale – tykkjer du dette er gjevande, kan du fortsette.
Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil vite litt mer?
Kontakt oss uansett! Kom gjerne innom til en uforpliktande samtale.
Eg ønskjer å starte noko nytt
Går du med ein tanke om å starte noko nytt eller du ser eit behov - Vi hjelper deg igang. Er det noko som allereie eksisterer viderformidlar vi dette.
Gode grunnar til å bli frivillig:
Du blir kjent med nye menneske
Du får nye erfaringar
Du får kjenne gleda av å gjere noko for andre
Du får nye utfordringar
Det er meiningsfylt
Frivillig arbeid er fint å ha med på CV-en