Internasjonal kafe og handarbeidsgruppe

Annankvar torsdag er det internasjonal kafe i 4. etasje på Rødekorsbygget - Langebruvegen 28, Førde. Dette er ein stad der du møter hyggelige mennesker frå ulike delar av verda.

Aldersgruppe: For alle

Våren 2019 er kafeen open torsdagar i partalsveker frå kl 18.00 - 20.00. Te og kaffi vert servert, du kan ta med deg noko å sette på fellesbordet visst du vil. Nokre frå handarbeidsgruppa som tidligare var på det nedlagte mottaket har flytta saman med internasjonal kafe, så om du vil ha med deg handarbeid eller har lyst å lære er dette plassen for deg. Røde Kors driftar internasjonal kafe, frivilligssentralen er samarbeidspart. Internasjonal kafe ønsker alle velkommen innom, dersom du har lyst å bidra frivillig med å lage i stand, koke kaffi/te så berre ta kontakt med Torun på telefon 41624078

2024 © Førde frivilligsentral