Førde internasjonale kor

Førde internasjonale kor er ein møtestad der folk frå ulike nasjonar treff kvarandre i musikalsk fellesskap. Vi syng, men samtalene med nye vener over ein kopp kaffi etter øving er like viktig. Kvar tysdag kl. 18.00 - 19.30 møtast ei stor gruppe i Førdehuset for å synge - og lære kvarandre å kjenne. Alle stemmer er velkomne!


Koret vårt er organisert i tre nivå:

  1. Styringsgruppa har økonomi- og driftsansvar, der organisasjonane som står bak koret deler driftsoppgvene.
  2. Medlemsstyret har praktiske oppgåver, føl opp medlemmer og aktivitet.
  3. Koret har øving kvar veke

Styringsgruppa er samansett av ein representant frå kvar part, og har minimum to møter i året.

  • Førde Røde Kors: økonomi og frivillige
  • Førde Kulturskule: økonomi og dirigent
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune: dokumentasjon og initiere forsking
  • Førde kyrkje / Førde KIA: logistikk, mat, sekretær for medlemsstyre
  • Førde frivilligsentral
Flere aktiviteter

10 - kaffien, ein uformell møteplass.

Kvar onsdag på Førde kyrkjetun lagar Kristin og Norodd til kaffikos saman med frivillige. Kafeen er open for alle kl 10.00 - 12.00 der du får kaffi/te og vaflar for 20,- Velkommen innom.

Besøksvenn / Aktivitetsvenn

Mange i Førde har behov for nokon å prate med. Nokon bur på Helsetunet, andre bur heime.

Fargerike Førde

Internasjonal matfest i Førdehuset. Vert arrangert ein lørdag i november kvart år i samband med bornas verdsdag. Enkeltpersonar frå ulike land lagar matrettar frå sin nasjon.

Frisklivsdag for seniorar

Kvart år arrangerer vi frisklivsdag for seniorar i Hafstadparken. Då har vi program og sosialt samvær i klubbhuset og aktivitetar ute i det flotte idrettsanlegget. Frisklivsdagen vert arrangert i mai/juni og vert annonsert i Firda via "Det skjer", på kommunen si nettside og på vår Facebookside https://www.facebook.com/fordefrivilligsentral/

Førde seniorkor

Førde Seniorkor er eit opent tilbod for alle over 60 år i Førde kommune. Koret har som mål å vere ein møteplass til fellesskap, glede seg sjølv saman med andre og til glede for andre. Song og fellesskap er viktig for god helse og livskvalitet. Koret har øvingar på Førde Helsetun måndagar kl 10.00 - 11.30. Kom og bli med! Førde seniorkor starta opp i januar 2008 gjennom prosjektet kultur og eldre. Koret har i prosjektperioden vore eit samarbeid mellom Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Førde kommune v/ kultur, pleie- og omsorg, folkehelsekoordinator har i prosjektperioden vore sentral for gjennomføring. Økonomisk har den kulturelle spaserstokken vore sentral. Førde Seniorkor er frå 1.1.2014 eit tiltak i Førde kommune. Førde kommune v/ Førde Helsetun langtidseining og Førde Kulturskule driftar Førde Seniorkor. Samarbeidspartar er Førde Frivilligsentral, folkehelsekoordinator og Førde Seniorkor sitt eige arbeidsutval/ styre. Leiar for seniorkoret: Hans Bruland, telefon: 915 83 161 e-post: hanbrula@online.no

2019 © Førde frivilligsentral